Tangbrand

IMG_4500
Stig Henrik Hoff

Tilbake til rolleoversikt

Tangbrand (frå Sachsen) er mellom hirdprestane til Olav Tryggvason når han stig i land på Moster. Han vert sett til prest ved kyrkja som skal reisast etter at Olav har rita opp grunnen. Det syner seg snart at Tangbrand er vél ihuga når det gjeld å krevja inn det kongen har pålagt bøndene å yta av tenester og skattar til den nye kyrkja. Det går ord om at han endåtil har fare i viking og samla gods og gull då han ikkje kunne tyna meir ut av bøndene. Kongen får nyss om dette, og som straff vert Tangbrand send til Island, avdi kongen vil at også frendelanda skal hevjast or heidendomen.

Desse har spela rolla som Tangbrand:

  • Kjell Grindeland (1984-1992)
  • Kjell Olav Skaret (1993-2008)
  • Stig Henrik Hoff (2009)
  • Nils Ole Oftebro (2010)
  • Stig Henrik Hoff (2011-2013)