Olav Haraldsson

Tilbake til rolleoversikt

Det var Olav Haraldsson som fullenda verket med Kristenretten, landslovane som var tufta på kristne reglar og ordningar slik dei hadde det i England. Dette skjedde etter at kong Olav Tryggvason starta kristninga av Noreg i 995, og Håkon den Gode prøvde seg allereie tidleg på 900-talet. Grunntankane og utforminga av lovene var det Grimkjell, den lærde engelske bispen åt kong Olav Haraldsson som stod bak. Kristenretten vart fyrst opplesen  her i landet på Mostratinget i 1024. Seinar vart lovene vedtekne på alle lagtinga i heile Noregsveldet.

Torleif
Torleif Stokke

Desse har spela rolla som Kong Olav Haraldsson:

  • Sverre Røssummoen (1984)
  • Randolf Walderhaug (1985)
  • Henning Rivedal (1986)
  • Sverre Røssummoen (1987, 1993-1996)
  • Oddbjørn Hesjevoll (1988-1990)
  • Bentein Baardsen(1991)
  • Frode Rasmussen (1992)
  • Stein Arild Espeland (1997)
  • Svein Tindberg (1998-1999)
  • Johannes Hjelland (2000-2004)
  • Svein Tindberg (2005-2008)
  • Torleif Stokke (2009-2013)