Bisp Sigurd

Bisp Sigurd var med i hirda til Olav Tryggvason. Han vart send med Olav av kong Ethelred i England. Etter at Olav og kong Ethelred slutta fred i 994, tok Olav ved trua på Kvitekrist og let seg døypa. Kong Ethelred stod og fadder for Olav då han vart konfirmert. Bisp Sigurd vart med Olav då han for til Noreg for å lata seg velja til konge. Bispen vart nok med, ikkje berre som ven, men like mykje som lærar og rettleiar i trusspørsmål.

Desse har spela rolla som Bisp Sigurd:

  • Gerald Pettersen (1984-1991)
  • Finn M. Daynes  (1992-2001)
  • Torgeir Steinsland (2002-2004)
  • Finn M. Daynes (2005 – 2008)
  • Torgeir Steinsland (2009-2015)