Kristkongane på Moster

Om Kristkongane på Moster     Handlinga     Forfattaren     Komponisten     Rollene     Historikk

Plakat Mostraspelet 2015Kristkongane på Moster er det opphavlege Mostraspelet. Det vart skrive av Johannes Heggland og hadde urpremiere i 1984. Det er det nest eldste sogespelet i Noreg.

Heggland sitt manus er bygd på opplysningane i Snorres Kongesoger og Gulatingslova. Stykket handlar om den rolla Moster spela for vår nasjonale historie rundt år 1000 då den norrøne åsatrua måtte vike for den moderne katolske religionen og det nye rettssystemet.

I 2013 vart Kristkongane på Moster sett opp for 30. gong i helga 31. mai-2. juni. 2605 tilskodarar såg spelet dette året.

Mostraspelet vert sett opp med omlag 150 medverkande – amatørar og profesjonelle. Bømlo Teater har ansvaret for produksjonen saman med Bømlo kommune.