Moster 2024

I 2024 vil det vera 1000 år sidan Olav Haraldson og Bisp Grimkjell presenterte Kristenretten på Mostratinget. Kristenretten var det nye juridiske systemet som samfunnet skulle styrast etter, og Kristenretten avløyste dei norrøne lovene som inntil då hadde vore gjeldande. Årsaka til at Olav Haraldson valde Moster for denne «urpremiæren» er truleg at Olav Tryggvason 29 år tidlegare hadde vald Moster som staden der han først gjekk iland for å krevje kongemakta og ikkje minst at nordmenna skulle konvertere til kristendomen. Anten dei ville eller ikkje. Tryggvason hadde óg bygd ei trekyrkje på Moster i 995 som saman med det årlege Mostratinget gjorde det naturleg å velge Moster som arena for «utrullinga» av hovudtrekka det nye lovsystemet. Lovene vart i sin heilhet presentert på Gulatinget året etter.
At første del av presentasjonen faktisk skjedde på Moster i 1024 er notert i Gulatingslova.  Viktige prinsipp i det nye lovsystemet var (forutan at dei norrøne gudane vart ulovlege) t.d. at ein ikkje kunne arbeide på sundagen, ein skulle berre ha ei kone, og at ein træl skulle bli sett fri i tinglaget kvart år. Det må ha vore ein revolusjon for folk den gongen då trælane var meir eller mindre retts- og ættelause. Ein træl kunne også før Kristenretten i visse høve få fridomen og bli «løysing», men med Kristenretten vart dette institusjonalisert som ei årleg hending. Ein byrja med dette å avskaffe slaveriet i den skandinaviske kulturen alt for 1000 år sidan.  Eit anna viktig prinsipp var at ein i det nye lovsystemet stod individuelt ansvarleg for sine handlingar, dvs. at blodhemn vart ulovleg som rettspraksis.

Kristenretten førte Noreg inn i den katolske kyrkjas corpus juris canonici, og er grunnlaget for det lovsystemet me nyttar idag.
Bømlo Teater vil samarbeide med aktuelle partnarar for å etablere ei lokal, regional og nasjonal feiring av Kristenretten på Moster i 2024.

Besøk heimesida til Moster 2024 for å sjå kva arbeid dei er i gang med, HER