Julehuset. Premiere torsdag 30.11!

Torsdag 30.11 kl 17.00 er det premiere på Julehuset i Bømlo kulturhus!julehuset_plakat-med logo_2017_2jpg

I år spelast framsyninga torsdag, fredag og laurdag i Bømlo kulturhus, og på Langevåg bygdatun sundag 3.12!

Julehuset har gjennom åra vore gjennom nokre endringar, men ingen har rokka ved historia til Mons og Mogens. Me møter mormor og Godrosa i det vesle raude huset i skogen, dansande snøfnugg og leikande nisseungar. Skogsnissane Mons og Mogens luskar som vanleg rundt og finn på nissestrekar. I fjor møtte me nokre nye nissar i skogen; fjellnissane. Kjem dei og trolla tilbake i år også?

Heile familien er velkomne til denne tradisjonsrike juleframsyninga. Dei 50 store og små skodespelarane vil laga god julestemning både på Langevåg og på Bremnes.

Framsyningar: Bømlo kulturhus 30.11-2.12

Premiere torsdag 30.11 kl 17.00

Fredag kl 17.00

Laurdag kl 13.00 og 15.00

Billettar: bomlokulturhus.no

Langevåg bygdatun:

Søndag 3.12 kl 15.00

Billettar: bomlo.net