Torkjell Høge

Tilbake til rolleoversikt

Torkjell Høge var ein dansk viking som levde på fyrste halvdel av 1000-talet. I historiebøkene vert han skildra som ein herjande viking som svor truskap til den regenten det tente han mest å vere alliert med akkurat der og då. Han kjempa til dømes mot Olav Tryggvason ved Svolder i år 1000, men nokre år seinare kjempa han side om side med Olav Haraldsson som høyrde til den same slekta. Når me møter Torkjell har han akkurat vore hjå kong Ethelred av England, der han og mennene har vorte betalt 48.000 pund for å ikkje angripe engelskmennene.

Desse har spela rolla som Torkjell Høge:

  • Øystein Kausrud (2016-)
Mostraspelet 2016-_DSC1552
Øystein Kausrud i rolla som Torkjell Høge. Foto: Magne Langåker