Olav Haraldsson

Tilbake til rolleoversikt

Olav Haraldsson var konge i Noreg frå 1015 til 1028.I slik ei natt fokuserer handlinga på vikingkongen og legenda Olav Haraldsson. Me fylgjer Olav på reisa frå å vere ein brutal og temperamentsfull viking i Greenwich i England, til han presenterer kristenretten på Mostratinget i 1024 og til slutt vert drepen av Tore Hund i 1030. På vegen er han blant anna på havet med mennene sine og er nær ved å drukne utanfor Cádiz i Spania, han vert døypt i katedralen i Rouen i Frankrike og han driv med våpentrening i Borg.

Desse har spela rolla som Olav Haraldsson:

  • Rolf Kristian Larsen (2016-2017)
Mostraspelet 2016-_DSC1520
Rolf Kristian Larsen i rolla som Olav Haraldsson. Foto: Magne Langåker