Informasjon til skulane

Annonse_MS2017Bømlo Teater inviterer til skuleframsyning på det Mostraspelet, I slik ei natt, av Svein Tindberg fredag 2. juni kl 11.00

I slik ei natt vidarefører ein sterk speltradisjon på Bømlo. Kristkongane på Moster er med sine 31 år eit av dei spela som har vore framført lengst i landet.

I slik ei natt fokuserer på vikingkongen og legenda Olav Haraldsson, både før, medan og etter at han presenterte kristenretten på Mostratinget i 1024. Denne hendinga for snart eitt tusen år sidan markerer det store sédskiftet i norsk kultur: overgangen frå norrøn- til katolsk rettspraksis.

Heilag Olav er myteomspunnen og opphav til ei mengde legender. Me veit så mykje om han og likevel så lite. Tindberg har knytt saman hendingar og personar på Moster med Olav Haraldsson på reise ute i verda. Han har funne ein moderne veg inn i eit slags mysteriespel og etter ein Olav som faktisk endrar seg som menneske på sin veg mot Moster.

Mostraspelet Kristkongane på Moster hadde urpremière i 1984. Sidan den gongen har 155 000 sett spelet, av desse omlag 60 000 skuleelevar, der mange skular nyttar Mostraspelet som eit tilbod i ”Den kulturelle skulesekken”.