I slik ei natt

Om I slik ei natt     Handlinga     Forfattaren     Komponisten     Rollene     Info til skulane

Annonse_MS2017I slik ei natt 2. – 4. juni 2017!

I slik ei natt er skrive av Svein Tindberg. Han er ein av Noregs fremste skodespelarar og tekstformidlarar og var i fleire år skodespelar og regissør for sogespelet Kristkongane på Moster. Bror han, Ivar Tindberg, hadde regi på spelet då det hadde urpremiere 27. mai 2016 i Moster Amfi.

Kjetil Bjerkestrand er ein av Noregs mest renommerte komponistar av film- og teatermusikk og komponerer musikken til det nye sogespelet. På scena står omlag 80 av Bømlo Teater sine eigne skodespelarar, styrka av nokre profesjonelle aktørar som mellom anna Svein Tindberg, Rolf Kristian Larsen, Anderz Eide, Nina Sele og Brynjar Stautland.

I slik ei natt skildrar Olav Haraldsson sitt liv og reise før han kom til Moster og sette kristenretten i 1024. Me følgjer det unge kongsemnet, etterkomar etter Harald Hårfagre, gjennom dei føregåande opplevingane som endrar han frå ein nådelaus viking og drapsmann til den kristne legenda seinare kjent som Olav Digre, Heilag Olav og Rex perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Handlinga føregår på Moster, i England, i Frankrike, ombord på skipa, i Cádiz og på kongsgarden i Borg. Me møter eit rikt persongalleri og Tindberg har på meisterleg vis fletta vågal humor saman med grunning over eksistensielle spørsmål om tru, liv og død. Problemstillingane er gjort like relevante for menneske i dag som den gong, anten det gjeld tru eller menneskeverd.

Svein Tindberg har funne ein moderne veg inn i eit slags mysteriespel som blir styrka av Bjerkestrand sin musikk, Ivar Tindberg sin regi og det visuelle uttrykket til scenograf og kostymedesignar Gjermund Andresen.

I slik ei natt var ein del av Festspillene i Bergen (FiB) i 2016 med urpremiere i Moster Amfi 27. mai og framsyningar 28.-29. mai.

I 2017 går framsyninga i pinsen, 2.-4. juni kl 18.00 i Moster Amfi.

Billettar på bomlo.net