Gaukreiret flyttast til mars.

gauk teaser ny datoBømlo Teater har starta prøvane til; klassikaren Gaukreiret.

Framsyninga blir flytta fra 20. – 22. oktober til 2. – 4 mars 2018.

Dramaet byggjer på Ken Kesey sin berømte roman frå sekstitalet og den grav alvorlege og samtidig humoristiske handlinga føregår på ei avdeling for psykisk sjuke. Den brutale pasienten Randel McMurphy gjer opprør mot systemet – personifisert av den intelligente, systemtru og viljesterke avdelingsleiar Ratched.

Bømlo Teater vil fortelja historia om folk, når me har det som verst, om skam og botnlause nederlag, om samhald og kameratskap. Å vera vekke så alt for lenge – og kanskje finne trua på å ein gong koma tilbake.

Gaukreiret er kanskje mest kjend gjennom filmen frå 1975 med Jack Nicholson i hovudrolla.

Framsyningar:

Fredag 2. mars kl 19.00

Laurdag 3. mars kl 18.00

Sundag 4. mars kl 18.00

Kjøp billettar her.