Auditon for Evita.

banner med logotekst jpg2 (1)

Audition – Evita, Bømlo Teater

LAURDAG 14. og SØNDAG 15. OKTOBER KL. 10.00 – 18.00 (17.00) på DEN NORSKE OPERA.

Det blir rolle/ ensemble-audition for profesjonelle musikalartistar/ skodespelarar og kandidatar under utdanning, for Bømlo Teater sin produksjon av Evita i Moster Amfi på Bømlo 8.-19. august 2018. Prøveperioden er frå 2. juli – 7. august. Regissør er Jostein Kirkeby-Garstad.

PÅMELDING TIL AUDITION:

Send CV i Word/PDF format med bilde (maks 2 sider) til: runa@bomloteater.no.

Ver snill å merke mailen med «Audition Evita 2018». Kontaktopplysningar (mobilnummer og e-postadresse) må ligge på CV. Merk kva rolle du søkjer (rollenamn eller ensemble). For ensemble krev me danseferdigheiter på høgt nivå. Kunstnarleg leiing gjer eit utval av kven dei ynskjer å sjå på audition.

Påmeldingsfrist er mandag 9/10-2017. Etter at påmeldingsfristen vil du motta frammøtetid. Det vert sett av ca. 5 minuttar til kvar deltakar. Møtetider vert sendt ut torsdag 12/10-2017. Skriv i mailen f.eks «ynskjer tidleg laurdag, ynskjer seint søndag» dersom du ynskjer ei spesiell frammøtetid.

Førebuing:

Ta med notar (til repetitør) til ein sjølvvald song innanfor sjangeren. Me ynskjer sjå utvalde kandidatar på danse-audition. Dette blir laurdag og søndag ettermiddag.

Eventuelle reisekostnadar til audition vert ikkje dekka av Bømlo Teater.